Vi leika oss og kosa oss litt ute med bål, før vi gjekk inn til middag. Etter middagen fekk vi besøk av Røde Kors. Dei tok oss med på snørekjøring og scooterråning! Det var kjempeartig!! Sjølv om vi fekk litt kjeft av lokale skiheltar..
Utover kvelden satt vi berre inne og kosa oss med kakao og yatzi, og enkelte bestemte seg for å ta ein badetur i snøen. Så skulle vi få nattoverraskelse. Det viste seg å vere en skremmande overraskelse. Martin Olsen tok oss med til lavoen og fortalde skumle hyttehistorier, mens Anne Line hadde sendt ut skremmarar til tilbakeveien som låg i grøfta med finlandshetter. Nokon tok til tårer, andre til latter.
Martin, Stig, Karoline og Ragnhild var av den tøffe sorten og sov i lavo den natta. Natta var intim, koslig og kald!
Vi våkna opp til regn, men fekk opplett når vi skulle ake og grille pølse. Eit lite rebusløp (med kvikk lunsj som premie) hadde vi også før Rutta-Tutta stod nede på plassen og ville ha oss heimatt.
Ein kjempebra tur! ;D
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar