søndag 15. mars 2009


Snødag!

Torsdag 5. mars tok SOS-klassa turen ut i snøen. Sidan det ikkje var så mykje snø å skryte av rundt skulen, måtte vi køyre eit stykke opp mot fjellet. Vi tok med oss akebrett, kakao og pølser og var klare for ein dag i snøen. Vi rigga oss til med bål rett ved ein flott akebakke. Medan vi venta på at bålet skulle bli klart, hadde vi konkurranse om å bygge det høgste tårnet av snø. Deretter kosa vi oss med pølser og kakao, før vi hadde akekonkurranse. Nokon av oss hadde til og med laga eigne akebrett av golvbelegg og brusflasker. Golvbelegget gjekk so det suste, men på flaskene var det ikkje like stor fart å få sjølv om det var eit kreativt forsøk ;)
Eg trur vi alle er einige om at var ein kjekk og morosam dag :)



Klar til å sette utfor i akebakken!



Ikkje så lurt å gå fra sitteunderlaget ved bålet

Akekonkurranse





Snøtårn! (før det raste sammen)

lørdag 14. mars 2009

Vi har laga ein video av bileta vi tok i slummen i Ecuador, og fotballprosjektet der :)