lørdag 7. februar 2009

Oppdatering!

No er vi i Baños, ein liten turistby som ligg midt i blant mange flotte fjell! Vi har vore veldig slappe med aa oppdatere dokke heime med kva som skjer her i Ecuador, men dokke faar ta det som eit teikn paa at vi er travelt opptatt med aa ha det kjempekjekt og oppleve enormt mykje!

Sidan sist har vi vore i Cuenca, der besoekte vi eit etnografisk museum med gjenstandar fraa indianerkulturen i Ecuador. Vi var ogsaa og saag paa panamahattproduksjon (ein del av oss kjoepte so klart hatt) og sist men ikkje minst var vi paa besoek i eit guttefengsel i byen der det var 17 innsatte ungdommar fraa 14 til 18 aar. Det var veldig spennande aa faa moete desse guttane, dei var fulle av liv og det var tydelig at dei likte aa ha besoek. Dei bydde oss opp til dans, og vi dansa! Vi avslutta besoeket med ein volleyballkamp.

Onsdag reiste vi til Cañar med minibuss. Foerste stopp i Cañar var ein skule, Tambo skulen. Der fekk vi ein liten omvisning og fekk tatt litt bilde av alle dei soete ungane som gikk der. Etterpaa kjoerte vi til Ingapirca og saag paa ruinane etter Inkaindianerlandsbyen som ein gong hadde vore der. Her fekk vi smaken paa suvenirkjoeping og fleire av oss kjoepte seg ting av alpakka.
Saa var det tid for lunsj, i dag stod det marsvin paa menyen, spennande! Vi var inviterte heim til ein indianerfamilie, det var sjoelvsagt ikkje vei heilt fram til huset, saa vi maatte ta beina fatt for aa faa med oss denne delikatessen.. Alle smakte paa marsvinet som vart servert heilt, vi kunne sjaa baade tenner og kloer, mange vart overraska over smaken, det smakte nesten som kylling.
paa kvelden besoekte nokon av oss fire norske jenter fraa Gaa ut senteret som bur og jobbar i Cañar, dei fortalte mykje spennande fraa sine maanedar i Ecuador. Dei som ikkje vart med paa besoek til dei norske jentene brukte tida paa aa verte kjend med "profesjonelle" Ecuadorianske fotballspelarar.

No er vi som sagt i Baños og her har vi handla mange suvenirar, kjoert firhjuling oppover fjella, bada i vulkanske varme kilder og stort sett nytt livet som turist i Baños.

No reiser vi snart inn til jungelen, og vi ser fram til aa tilbringe dei neste dagane der.

Vi skulla gjerne lagt ut ein del bilder av alt vi har opplevd, men teknologien sviktar og vi faar ikkje til aa legge ut bilder. Vi gjer eit nytt forsoek saa snart som mulig!

2 kommentarer:

2009/2010 sa...

Hanne er imponert over hvor flinke dere er til å skrive rapporter. Også ser det ut til at dere har gjør endel spennende og nye besøk som ikke jeg har vært med på.
Godt å høre at det ble marvin til dere også. God tur til jungelen, husk myggolje og solkrem mixa gjør susen.

Eline's blogg sa...

Heihei!
Morsomt å se hva dere opplever! savner virkelig tilbake! Kan si jeg er ganske misunnelig her jeg sitter i østfold med 1,5 meter snø..
Kos dere masse i jungelen! Det vsr utrolig morro å være der!
Pass godt på Ruthemor!

Eline SOS 07/08