Laurdag 18.oktober var det duka for barneselskap i gymsalen på Solvang. Vi i SOS-klassa forberedte oss til denne festen ei heil veke og brukte det meste av tida til å leite fram elementære barnekunnskapar som legobygging, leikar og kjente og kjære barnesongar. I slutten av veka stod vi igjen med ein flott og ikkje minst kreativ legolandsby, mange fine maleri og teikningar og sjølvsagt flotte kruner til dei fire som var så heldige å ha bursdag på denne dagen! Vi var alle einige om at eit barneselskap til så mange gjestar treng ein klovn eller to.. Den utfordringa tok Christine og Sandra på strak arm og sjarmerte gjestane i salen med sine klovnestrekar! I tillegg spelte Solveig barnesongar på saksofonen sin. Timane fauk avgårde med Bro-bro brille, Bjørnen sover, Flasketuten peiker på, Legobygging og andre barnslege leikar. Som avslutning serverte Ruth Berit det som dei fleste meiner er skikkelig barneselskapsmat: Pølser i brød og sjokoladekake! Trass i at vi alle var skikkelig stressa i timane før selskapet braka laust, gjekk det strålande og alle untatt Brit som fekk hjernerystelse under ekstremsporten Bro-bro brille var fornøgde med kvelden og syntest det var kjekt å være barn igjen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar